Opnar for felling av to ulvar i Hedmark


Løyvet til å felle ulv gjeld til 30. april.
Løyvet til å felle ulv gjeld til 30. april.
© Kim Abel, Naturarkivet.
Oppdatert: 20.04.2014

Miljødirektoratet gjev løyve til å felle to ulvar i kommunane Ringsaker, Hamar, Løten og Stange.

Dei siste dagane er det varsla om to observasjonar av ulv i Ringsaker kommune i Hedmark. Statens naturoppsyn (SNO), som er Miljødirektoratet sitt feltapparat, har vore i området for å leite etter spor eller biologisk materiale etter dyra. Om ein finn til dømes ulveskit, kan DNA nyttast til å stadfeste individ. Ulveobservasjonane på denne tida av året er oftast på berr mark, og sporinga har ikkje lukkast.

Utover desse ferske observasjonane, har Løten og Vang beitelag, Laudalen beitelag og Romedal og Stange saubeitelag søkt Miljødirektoratet om fellingsløyve. Søknad vart sendt direktoratet etter at SNO rett før påske hadde stadfesta ulv på to ulike stader. Direktoratet avgjorde i går at det vert gjeve løyve til å felle to ulvar i kommunane. Løyvet gjeld i perioden 20. til 30. april.

– Løyvet er gjeve etter ei samla vurdering. Ulv har gjort skade på husdyr i kommunane tidlegare, og området har mykje beitedyr. Sjølv om dei enno ikkje er på beite i utmarka, er det  potensial for nye skader når sauer og lam  vert sleppte ut, seier avdelingsdirektør Yngve Svarte i Miljødirektoratet.

Ved funn av kadaver, er det stadfesta at ulv har teke 225 sauer og lam i dei aktuelle kommunane sidan 1. januar 2010.

Bestandsmålet nådd

–  Miljødirektoratet vurderer det slik at felling av to ulvar i regionen ikkje vil true ulvebestanden si evne til å overleve på lang sikt, og heller ikkje er i konflikt med det nasjonale bestandsmålet som Stortinget har sett for ulv i Noreg, seier Svarte.

Rovdata som fører oversyn med bestanden av ulv, skriv i ein foreløpig statusrapport pr. 15. mars 2014 at det er påvist 65-73 ulvar i Noreg, inklusive grenserevir. 33-37 av desse ulvane er berre bekrefta på norsk side av grensa.

Stortinget har vedteke at det skal fødast tre ulvekull i Noreg kvart år. Dette bestandsmålet vart nådd innan forvaltingsområdet for ulv i 2010, 2011 og 2012. Bestandsmålet er truleg nådd også i 2013, noko vidare arbeid eventuelt vil klarlegge innan 1. september som er rapporteringsfristen for overvaking av ulv.

I avgjerda om å tillate felling, er det òg lagt vekt på at rovviltnemndene i Oslo, Akershus og Østfold (region 4) og Hedmark (region 5) tidlegare i år opna for lisensfelling. Då lisensfellingsperioden vart avslutta, var det 3 ulvar att på kvota.

Kommunalt ansvar for fellingsforsøk

Dei fire aktuelle kommunane  får ansvaret for å setje i verk  eventuelle fellingsforsøk. Det er kommunane som peikar ut fellingslag og fellingsleiar, og skal ha oversikt over fellingslaga.

Jegerar som tek del i fellingsforsøk vil få godtgjering etter gjeldande reglar.

Dei fire kommunane må gjensidig orientere kvarandre om pågåande fellingsforsøk. Dersom dyr vert felt eller forsøkt felt, skal dette meldast til Fylkesmannen i Hedmark, Miljødirektoratet og Statens naturoppsyn.

Oppdatert: 20.04.2014