På sporet av bjørnen


Bjørnehi foto Steinar Wikan04-010 Mai7-12 002jr4
Her har en bjørn overvintret. Foto: Steinar Wikan
© Direktoratet for naturforvaltning
Oppdatert: 15.04.2016

I desse dagane vaknar bjørnane frå vintersøvnen og vandrar ut på leiting etter føde. Miljødirektoratet oppmodar alle som kjem over bjørnespor om å melde frå til feltapparatet, Statens naturoppsyn (SNO).

Kombinasjonen av at kroppstemperaturen nærmar seg den normale og at det blir varmare i været, gjer at bjørnen får det for varmt inne i hiet. Då flytter den seg ut, etter omtrent ei halvt år i hi. Dei fleste står opp i løpet av april, mens bjørnar nord i landet ofte ligg litt lenger. Dei fleste einslege bjørnar forlèt hiet og hiområdet ganske raskt, mens binner med ungar blir verande i ein lengre periode - i blant til langt ut i juni.

Når bjørnane forlèt hiet, har dei ein del feittreservar igjen etter vintersøvnen. Desse held bjørnen gåande i ein periode med lite mat, til snøen forsvinn og fjoråret sine tytebær, gras, maur og andre matkjelder blir tilgjengelege.

Skandobs for bjørnespor

Spor etter bjørn er enkelt å rapportere om til SNO, ved å bruke Skandobs som er rapporteringssystemet for rovvilt i Noreg og Sverige. Observasjonar som blir registrerte i Skandobs blir vurderte av SNO, som er Miljødirektoratets feltapparat, og i ein del tilfelle sender dei folka til staden for å undersøkje nærmare.

- Alle bidrag som hjelper oss å registrere spor etter bjørn er viktige. Du kan også kontakte SNO sin rovviltkontakt i ditt område direkte, seier rådgivar Veronica Sahlén i Miljødirektoratet. 

Rovdata har ansvaret for overvaking av bjørn og lagar årleg ein rapport med oversikt over kor mange bjørnar som er registrerte i Noreg i løpet av våren, sommaren og hausten. Ofte blir det funne fleire DNA-spor frå same bjørn over fleire år, og funn som viser at enkelte bjørnar bruker store område. Dersom du finn ein bjørneskit, kan du hjelpe til med overvakinga gjennom å anten rapportere plassen for funnet eller sende inn ein prøve sjølv

Følg spora bakover

- Hugs at våren framleis er ein sensitiv periode for bjørnen som skal klare seg på lita føde. Dersom du oppdagar spor, og blir nysgjerrig på kva bjørnen gjer, bør du berre følgje spora bakover, for å unngå å stresse bjørnen unødvendig, seier Sahlén.

Dei fleste bjørnar registrerte i Noreg oppheld seg i Hedmark, Nord-Trøndelag, Troms og Finnmark, nærmare bestemt i grenseområda til Sverige, Finland og Russland. I 2014 blei det totalt registrert 136 bjørnar i Noreg, ved hjelp av DNA-analysar av ekskrement, hår og vevsprøvar.

Brosjyre om bjørn

Miljødirektoratet har laga ein brosjyre for å auke kunnskapen om den skandinaviske brunbjørnen og åtferda til bjørnen. Brosjyren byggjer på 30 års erfaring med forsking og forvalting av bjørn i Sverige og Noreg. Brosjyren gir deg råd om kva du bør gjere om du møter på ein bjørn i skogen. Du kan laste ned brosjyren her.

 

SLIK RAPPORTERER DU 
 
 

Noreg og Sverige har eit felles rapportsystem for allmenta sine observasjonar av gaupe, jerv, brunbjørn og ulv - Skandobs 

Observasjonar av store rovdyr, spor og sporteikn blir lagde inn i Skandobs på nett eller viaSkandobs-appen.

Appen, Skandobs touch, kan lastast ned gratis frå AppleStore og GooglePlay

Observasjonar, same kva type, har stor verdi fordi det aukar kunnskapsgrunnlaget om førekomst og utbreiing av artane i Skandinavia» 

Identifiserte bjørner i 20142

 

 

Oppdatert: 15.04.2016